Kultur på fatet
Kultur på fatet
Norsk natur og kultur i Aurlandsdalen
 
 
 
Anka logo.png
 

OM ANKA - EI KVALITETSMERKING


Aurland natur- og kulturarv (ANKA) er eit lokalt samvirke med formål å utvikla næring av natur og kultur i Aurlandsregionen.

Den lokale kulturen og tradisjonane blir formidla gjennom lokal mat, ulike aktivitetstilbod og handverksprodukt frå regionen. I tillegg har ANKA skapt ei merkevare som er kvalitetssikra i eit regelverk knytt til ANKA sin logo.

(ENGLISH VERSION HERE)


BAKGRUNN

ANKA er utvikla med bakgrunn i initiativ frå ei gruppe lokale gardbrukarar.

Initiativtakarane ser at lokalt småskala jordbruk har ei rekke ulemper som ein i stadig større grad må ta på eigne skuldre. Samstundes representerar det ei rad unike kvalitetar som i dag ikkje avspeglar seg i meirverdi på produkta.

ANKA vil utvikla ein verdiskapingsstrategi der dei særeigne naturgjevne føresetnadene kan utnyttast og foredlast til høgkvalitetsprodukt med stor opplevings- og marknadsverdi. Samarbeid med andre næringar er ein sentral del i dette, og det er teikna ulike intensjonsavtalar. ANKA er ein marknadsretta organisasjon, der mange av produkta spring ut frå ei medviten og banebrytande marknadstenking.

KVALITETSMERKING - ANKA-KVALITET LOGO

Om eit produkt eller ei oppleving er merka med ANKA sin logo kan forbrukar vere sikker på følgjande:

  • Berre produsentar, foredlarar eller andre som er medlemar, og har søkt og fått løyve frå styret i ANKA, kan nytte kvalitetsmerket.

  • Handverksprodukta som er merka er basert på lokale råvarer og bearbeidde/foredla innanfor Aurland kommune.

  • Opplevingsprodukt skal ha lokal natur , kultur , mat eller handverk som vesentlege element og det skal kommuniserast på ein måte som er miljømessig bærekraftig.

    Du kan lese meir om regelverk for nytting av logo her

MEDLEMAR

Organisasjonen er under utvikling.